Rosemaling. Ein tradisjonell dekormaling som ein finn variasjonar av i mange land. Den eldste rosemaiilnga ein kjenner til i Norge er frå 1600-talet. Blomstringstida for tradisjonen her er siste del av 1700 til siste del av 1800-talet. Tradisjonelt vart dekoren brukt på bruksgjenstandar av tre som er knytt til det gamle bondesamfunnet slik som kister, skåler, skap, kubbestolar og i enkelte tilfelle på fast interiør som dører, himmelsenger, veggar og tak. Motiva er hovudsakleg fantasiblomar, slyngande stilkar og bladverk. Ofte er dette i kombinasjon med figurative motiv som eksotisk arkitektur og treslag, kyrkjebygg, brudefylgje, soldat i flott uniform - gjerne til hest, flotte damer med perlesmykke, djup utringing, smal midje og omfangsrike kjolar. Bibelske motiv som nattverden og englar, samt menn som sloss, felespelar, bjørnejakt og ein blå elefant, finn ein og innimellom roser og akantusrankar. Det er utruleg mykje flott og spenstig å sjå av både motiv og utføring i den gamle rosemalinga.
Som 19-åring gjekk eg på Suldal Vidaregåande skule på Sand, den einaste i landet, som hadde rosemaling som hovudfag. Læraren vår Bergliot Lunde understreka at ho meinte me først burde læra oss rosemalingsteknikk, fargebruk, mønsterutforming, historia til rosemalinga og sjå på gamal rosemaling. Deretter kunne me gjere som me ville utifrå kunnskapen me hadde tileigna oss. Ikkje bli kopist, men finn din eigen veg! Sa ho med mild, men bestemt stemme. Det har sidan vore som eit indre kompass i meg når eg utfører rosemaling.
Seinare var eg i Mjölby i Sverige og lært laserande malingsteknikkar. Lasering gir utruleg mange moglegheiter til å skape variasjon og liv i ei flate. Dessutan vert bakgrunn og dekor meir integrert til ein heilskap enn om ein dekormalar på ein einsarta bakgrunn.
Min ide om rosemaling er at det skal vera ein frihandsdekor, tilpassa individuelt for kvart enkelte objekt. Når eg malar teiknar eg aldri opp eit fullstendig mønster på førehand, men startar med ei ideskisse på papir som blir brukt som utgangspunkt for den malte dekoren. Eg ynskjer at rosemalinga mi skal gi ei oppleving av liv og vital energi, utført med presisjon utan å vera sirleg stoisk og perfekt dekor. Ein balansegang eg stadig strekker meg etter å oppnå ...